Gå til innhold
årsmote_hordaland

Årsmøte med NCFU Hordaland

Publisert 23. august 2018

Fredag 14. September klokka 17:00 held NCFU Hordaland årsmøte på «Cafe Aura» i Bergen. 

 

Det vert val av nytt styre for NCFU Hordaland. Alle som ønskjer kan stille som kandidat, eller kome med innspel til kva styret skal gjennomføre av aktivitetar det kommande året.

Dersom ein ikkje vil stille som kandidat til styret, er årsmøtet framleis ein strålande moglegheit til å ete god glutenfri mat saman med andre.

 

Årsmøtet er gratis for alle medlemmar i NCFU Hordaland.

Påmelding: [email protected] innan tysdag 4.september. (Hugs fult namn og alder.)

Spørsmål? : [email protected] (Eventuelt 90405449. Hugs namn på avsendar.)

 

Vel møtt alle saman!

 

Adresse:

Cafe Aura
Marken 9, 5017 Bergen



Annonser